lørdag 19. mars 2016

S/Y Tutti

Slik vart ho S/Y Tutti: Historia starta langt tilbake - den gongen eg tegna båtar og det sværaste ein kunne bli når ein vart stor - var kaptein. Draumen om eiga skute var i live, men det var eit stusseleg liv i trange kår i mange år. Det var vel sommaren 2014 at eg starta å lese annonser og følge med på finn, på kva som vart omsett av seglbåtar.  Etterkvart enda eg opp på ein båt på ca 40', med kjøl som ikkje var djupare enn 1,8 m. Det siste er ein forutsetning for at ein skal kunne segle på kanalane i Europa. Skulle gjerne hatt ein Nauticat, men enda opp med å søke etter Hanse, Beneteau, Jeanneau og Bavaria. Sidan dei to første ikkje leverer båtar som stikk grunnare enn 1,8 m og Bavaria vil eg helst ikkje ha. Det er som å kjøpe møblar på IKEA eller Jysk. Båten på bildet vart lagt ut til salgs på seinsommaren 2015. Eg likte båten godt. Spesielt fordi den var grunn (1,63 m), fordi den var utstyrt for langtur med masse greier som eg synest er spennande, men ikkje får bruk for - før eg dreg på langtur. Og så er det mykje lys, plass og comfort under dekk.
Etter synfaring og nokre rundar vart eg enig med selgaren like før jul 2015. No i mars ligg båten fortsatt på land nede ved svenskegrensa. Planen no er å hente den i månadsskiftet april-mai. Skuta er merka med navnet Devocian av Sarpsborg. Eg har registrert den om til S/Y Tutti med hjemmehavn Florø. Kallesignalet er LA8230 og MMSI er 258282130
Det har vore mange fristelser på nett og i katalogar. Det er utruleg kor mykje kjekkt ein kan kjøpe til ei slik skute. Til no har eg kjøpt ein gummibåt, redningsvestar, noko vann- og vindtett tøy og domenet tutti.no
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar