onsdag 27. april 2016

Risør III

Ja vi ligg fortsatt i Risør havn ved Holmen verft.
Skaden etter gårsdagen var verre enn vi trudde. Vi blåste først ut innsuget av sjøvatn og skifta impeller. Starta motoren og då virka kjølinga slik den skulle. Det var berre eit problem - det kom fortsatt ut eksos i motorrommet og kjølevatnet kom ikkje ut eksosen slik det skal. Vi skrudde ned og oppdaga at eksospotta var ødelagt, smelta ned. Den er faktisk i PVC. Ny vart bestilt frå verftet i Frankrike, men det tek nok si tid før den kjem......
Imens må vi finne ei løysing som kan fungere. Ein del telefonar rundt til fagfolk og så sette vi igang med å få den ødelagte eksospotta ut. Det var verre enn vi trudde. Den hadde smelta ned slik at den ikkje gjekk ut av holet. Trangt og fælt- vi saga plastik med eit baufilblad i fleire timar, men enno har vi ikkje fått den ut. I morgon tidleg er det på byen og kjøpe skikkeleg sag, og hvis det ikkje er nok blir det elektrisk bajonettsag. Imens reiser eg til Arendal for å få tak i ei eksospotte og nytt anker og 50 meter kalibrert 10 mm kjetting. Kanskje er lettmatrosen ferdig med å få ut den gamle før eg kjem att. Så må vi kanskje renske varmevekslaren for restar av impellaren. Skal snakke med fagfolk her i byen som har service på Yanmar (motoren)
No i kveld skulle vi etter planen vore i Egersund. Vi ligg to døgn etter planen og kanskje går heile morgondagen med før vi er klar for ny avgang.
Det vert sagt at det er to lukkelege øyeblikk i ein båteigars liv. Det er når han kjøper den - og så når han sel den.
Ein ting er i alle fall sikkert - det er ingen er heller ville hatt med på denne turen enn akkurat svoger Johannes Havro. Ein kald fisk med eit varmt hjarta og eit vell av praktisk erfaring. Har reparert det meste før av ting som kan gå sund......
Har ikkje tatt tid til noko fotografering idag.
Meir og bedre meldingar i morgon.

1 kommentar:

  1. Johannes er nok rette mannen å ha med seg! Lykke til med reparasjon og turen vidare.

    SvarSlett