mandag 2. mai 2016

Egersund II

Idag har det vore det vi kallar driveri. Kuling og regn med landlege i Egersund.
Eg vakna i natt av ein ekkel hoste og lukt. Det lukta diesel i lugaren. Eg settte opp dør og vindu og sov vidare. Etter frukost var det til å leite etter kor dette kunne kome frå. Vi fann det - under benken oppe i cockpit. Reservekanna med diesel hadde leke og dette rann ned i ein brønn som ligg rett over hodeputa mi. Kanna vi kjøpte i Kristiansand var ikkje tett og ca ein liter hadde runne ut. Ikkje berre det - ei kopling bak lensepumpa lek og og sette vi igang pumpa spruta det vatn ut og ned i denne brønnen. Denne usalige blandinga av sjø og diesel var det som draup ned til meg i natt. Lensepumpa var nok frostsprengt og vi kopla den ut og monterte slangane saman. Brukte hevert og drenetre brønnen. No er alt tett, men litt diesellukt kan nok henge igjen i kaptainens lugar.
I løpet av natta gir veiret seg og vi tek laus kl 0800 i morgon med kurs for Haugesund. Veiret skal bli fint og vinden makeleg. Eg gler meg.


Kapteinen som er minst, demonterer lenepumpe i stuerommet i cockpit.

1 kommentar: